onsdag 22. mars 2017

Innhaldsliste til slektsbok per 1999

Eg arbeidde ein del med dette prosjektet fram til 1999. Men da vart eg i mange år prosjektleiar for ikkje mindre enn tre bygdebokprosjekt som gjekk parallelt: Lom, Sula og Volda. Dermed vart eiga slekt bare lagt til sides.

Men her er i alle fall innhaldslista frå 1999 for første delen av det som nok må bli ei bok, ikkje bare eit "skriv" eller "hefte". Det som ikkje er med her, er sjølve slektsregisteret med namn og utfyllande informasjon om barn, barnebarn og ev. fleire ledd etter Eli og Erik. Det må vi kome tilbake til.

Min skrivestil er etter det som kan kallast "oppblåsingsmetoden". Det betyr at eg skriv avsnitt / kapittel litt etter kvart, her og der, og så opprettar eg nye overskrifter for tema eg trur eg kjem til følgje opp seinare, kanskje med stikkord, referansar til kjelder osv. Det betyr at det ikkje er sikkert eg har skrive særleg på enkelte av titlane nedafor. Sidetala antydar litt om kva for avsnitt som er skrive ut i større eller mindre grad.

Forord ................................................................. 5
Innleiing .............................................................. 6
Eli Olsdatter Sugustad og Erik Johansen
Langset ................................................................ 6
Slektsnavnet og eldre navneskikk ....................... 6
English introduction – for the Canandian
branch of the family ............................................ 8

Kapittel 1: Eli O. Sugustad og Erik J.
Langset ................................................................. 9
     Oppvekst og ungdom – Eli ............................. 9
     Oppvekst og ungdom – Erik ........................... 9
     Giftarmål og eigen heim – Østlund ................ 10
     Til Amerika ...................................................... 10
     Spokane ............................................................ 11
     Heim frå Amerika ............................................. 11
     Livet på Østlund ............................................... 12
        Husa ................................................................ 12
        Hva levde de av? ............................................ 12
        Fuglåsen og Østlund ....................................... 12
        Slik Ada mintes Østlund ................................ 13
        Da Inga vart født – og John forsvann ........... 13
     Skogsaka på Østlund ......................................... 14
        Bakgrunn ........................................................ 14
        Nygaardsvold, departementet og
        skogforvaltaren .............................................. 15
        Eriks reaksjon ................................................. 16
        Krognes hyrar advokat ................................... 17
        Avslutning ...................................................... 18
     Frå Østlund til Engan ....................................... 18
        Engan – Nyeng .............................................. 18
        I gammelstua før innflyttinga ........................ 18
     Noen historier om Erik ..................................... 19
        Oppgjør for arbeid på kirka ........................... 19
        Rask reaksjon i smia ...................................... 19
        Fast rytme ....................................................... 19
        Opplæring ...................................................... 19
     Slik minnes vi Eli .............................................. 20
        Sosialt samvær ............................................... 20
        Høgtlesing ...................................................... 20
        Sportsinteresse ............................................... 20
        Da Eli døde ..................................................... 20
        Marit Helgeton ............................................... 20

Kapittel 2: Suggustad – slekta og garden................ 21
     Trekk fra den eldste historia til garden ............. 21
        Ryddinga ........................................................ 21
        Suggustad i middelalderen ............................. 21
     Litt nærmere om skylda og delingene på
     Suggustad ...........................................................22
     Brukere og generasjoner .....................................23
     Historier fra Suggustad .......................................23
     Foreldre, søskenbarn og søsken til Eli ...............24
        Søskena til Marit Tølløvsdtr. Helgetun ...........24
        Søskena til Ola Andersen Sugustad .................25
        Barna til Marit Tølløvsdtr. og Ola Anderss.
        ..........................................................................25

Kapittel 3: Langset – slekt og gardar på
Erik si side .............................................................. 26
     Foreldra til Erik, og syskena deira ......................26
     Langset – overtakinga ........................................27
     Litt generelt om skyss-stellet i Norge ................28
     Skyss-dagboka fra Langset .................................29
        Merknader i dagboka .......................................29
        «Fortegnelse over de Skydspligtige .................30
     Moen – opplysninger fra et dødsboskifte ...........31
        Drifta på Moen i 1883 ......................................34
        Auksjonane .......................................................34
        Slutt-oppgjeret ..................................................34
     Ola Jonssen Ry ....................................................34
     Erikka Olsdtr. Bjørset ..........................................35
     Vollabakken ..........................................................35

Kapittel 4: Litt mer om slekta bakover .............. 37
     Slekt og gardar i Rindalen ...................................37
        Ljøsålia .............................................................37
        Helgatun og Ljøsålia – gardene og folket ........37
        Slekta i Ljøsålia ...............................................38
        Grønli-, Romundstad- og Landsemslekta .........38
        Austigard Bjørnås .............................................38
     Offisersslekta .......................................................38
        Litt generelt om dei militære for snart 200 år
        sidan ...................................................................38
        Brun-slekta og Suggustad ..................................39
        Christian Frantzsen Brun ...................................39
        Frantz Olssen Brun ............................................40
        Ole Brun .............................................................40
        Peter Brun ..........................................................41
        Lars Gram ..........................................................41
     Slekta Frost, Angell, Benkestok, Smør og
     Falk .......................................................................41
        Angell-slekta ......................................................41
        Jesper Hanson og Margete Falk ........................42
        Tord Benkestok ..................................................42
        Smør ...................................................................43
        Falk, Falck eller Falch ........................................43

lørdag 18. mars 2017

Prosjektblogg slekt og historie for Eli f. Sugustad og Erik Langset

Bakgrunnen for dette prosjektet må vi attende til 1989 for å finne. Da sette nokre av barnebarna til Eli O. Sugustad og Erik J. Langset seg saman på hytta til underskrivne, for å planleggje eit slektstreff sommaren etter. Det var i alle fall Guri, Audhild, Wenche og Arnfinn som møttes.

Grunngjevinga for å ha eit slektstreff var den som så mange andre familiar føler: etter fleire tiår med trivelege samankomster, konfirmasjonar og bryllup, vart det etter kvart berre i sorgtunge stunder vi traff kvarandre – ved gravferder.

Eli og Erik hadde ti barn saman. Ni av desse gifta seg og fekk barn. Vi var altså mange – til saman 20 felles barnebarn av Eli og Erik, som – mange av oss og trass i at vi etter kvart vart spreidd over store område – heldt god kontakt. Men etter kvart vart det altså ikkje anna enn ved gravferder etter onklar, tanter og foreldre vi møttest; først John i 1971, så Even i 1974, Johan i 1982 (i Canada) så Oline i 1987. Det var altså bare seks av barna til Eli og Erik att, da slektstreffet vart arrangert. Ikkje alle av dei følte seg sterke nok til å vere til stades, men det var svært hyggeleg at nokre var der.

Og så fekk vi ei ny slektsgrein i samband med jubileet; Erik hadde hatt eit lite eventyr nokre år før han gifta seg, og resultatet av det vart Eline, f. 1899, død 1979. Ho flytta etter kvart til Skogn, gifta seg i 1926 med Arthus Overskott og fekk tre barn. Til treffet kom to av dei. 

I åra som fulgte gjekk også resten av den eldste generasjonen gått bort, Berntine i 1992, Ella i 1993, Hanna og Ada i 1994, Inga i 1995 og Olav i 1998.

Samstundes som det vart bestemt å halde slektstreff, vart det òg bestemt at det skulle samlast stoff og gjevast ut eit slektshefte eller -bok. Eg tok på seg dette arbeidet, ettersom er er historikar av yrke. Men som i så mange andre samanhengar, ein tek på seg meir enn ein maktar, og arbeidet har blitt liggande.

Dei to siste vekene no i februar har vore triste - først døydde Arne Lagseth og like etterpå Eli Randi Sæther. Og dei siste åra har vi mista fleire, i alle fall Audhild Langseth og Eli Gårdsvold er gått bort. Under minnesamveret etter Eli Randi vart det derfor semje om å prøve å ta opp att kontakten, eg skal prøve å fullføre slektsboka m.a. ved å bruke Facebook til å samle manglande informasjon, og kanskje vi til og med kan få til ei samling utan at det er i ein slik trist samanheng.