lørdag 18. mars 2017

Prosjektblogg slekt og historie for Eli f. Sugustad og Erik Langset

Bakgrunnen for dette prosjektet må vi attende til 1989 for å finne. Da sette nokre av barnebarna til Eli O. Sugustad og Erik J. Langset seg saman på hytta til underskrivne, for å planleggje eit slektstreff sommaren etter. Det var i alle fall Guri, Audhild, Wenche og Arnfinn som møttes.

Grunngjevinga for å ha eit slektstreff var den som så mange andre familiar føler: etter fleire tiår med trivelege samankomster, konfirmasjonar og bryllup, vart det etter kvart berre i sorgtunge stunder vi traff kvarandre – ved gravferder.

Eli og Erik hadde ti barn saman. Ni av desse gifta seg og fekk barn. Vi var altså mange – til saman 20 felles barnebarn av Eli og Erik, som – mange av oss og trass i at vi etter kvart vart spreidd over store område – heldt god kontakt. Men etter kvart vart det altså ikkje anna enn ved gravferder etter onklar, tanter og foreldre vi møttest; først John i 1971, så Even i 1974, Johan i 1982 (i Canada) så Oline i 1987. Det var altså bare seks av barna til Eli og Erik att, da slektstreffet vart arrangert. Ikkje alle av dei følte seg sterke nok til å vere til stades, men det var svært hyggeleg at nokre var der.

Og så fekk vi ei ny slektsgrein i samband med jubileet; Erik hadde hatt eit lite eventyr nokre år før han gifta seg, og resultatet av det vart Eline, f. 1899, død 1979. Ho flytta etter kvart til Skogn, gifta seg i 1926 med Arthus Overskott og fekk tre barn. Til treffet kom to av dei. 

I åra som fulgte gjekk også resten av den eldste generasjonen gått bort, Berntine i 1992, Ella i 1993, Hanna og Ada i 1994, Inga i 1995 og Olav i 1998.

Samstundes som det vart bestemt å halde slektstreff, vart det òg bestemt at det skulle samlast stoff og gjevast ut eit slektshefte eller -bok. Eg tok på seg dette arbeidet, ettersom er er historikar av yrke. Men som i så mange andre samanhengar, ein tek på seg meir enn ein maktar, og arbeidet har blitt liggande.

Dei to siste vekene no i februar har vore triste - først døydde Arne Lagseth og like etterpå Eli Randi Sæther. Og dei siste åra har vi mista fleire, i alle fall Audhild Langseth og Eli Gårdsvold er gått bort. Under minnesamveret etter Eli Randi vart det derfor semje om å prøve å ta opp att kontakten, eg skal prøve å fullføre slektsboka m.a. ved å bruke Facebook til å samle manglande informasjon, og kanskje vi til og med kan få til ei samling utan at det er i ein slik trist samanheng.

1 kommentar:

  1. Jf. innlegg på FB-gruppa i dag. Etter kontroll av hytteboka på Furubrinken, viser det seg at tanken om slektstreff, eller i alle fall søskenbarntreff, kom på bordet på Meåsvollen i påska 1986, og første møte for slektstreffet var i 1990.

    SvarSlett